Mix-turnering i
sandvolleyball i samband med kulturdagane
Det blir sandvolleyballturnering for 4 mannslag laurdag 28.
mai frå kl 10.00. Finalen vert ca kl 15.00.
Alle må møte seinast kl 09.45 for info.
Reglar: vanlege beach-volleyballreglar, reglane vert delt ut.
Begge kjønn skal vera representert på bana. Kvart lag må ha ein dommar eller
få nokon til å dømme for seg.
Pris kr.200
Påmelding: seinast 25. mai med namn på lag, spelarar og kontaktperson med
tlf.nr til Svein Gunnar Bolstad på sms til 46 85 80 95 eller mail til
sveingunnar@skjoldenrafting.no
Premiering til dei to beste laga frå scenen ca kl 15.30.
Pulsrunden 25.mai
|
Bli med på Pulsrunden - feiring av Norges
Idrettsforbunds 150 års jubileum. Test formen på 5 km
(løp/gange) eller gå løypa utan tidtaking. Sjekk om formen din
er meget god eller litt trening ville gje store resultat. 50 kr
for vaksne og 30 for barn. Alle som deltek får merke/pin. Start
frå kl 18-19. Barn opp til 12 år kan gjennomføre løpet på sykkel
i lag med vaksne som går.
Treningssenteret er ope frå 18-20 for dei som har lyst inn å
sjå.
Arr: Treningssenteret i Fortun og IL Fanaråk
Signe Weka har kunstutstilling i gamle skulen,
denne vil vera open og ho sel kaffi og kaker.
|
Gamle nyheiter
Skirenn på Turtagrø
Søndag 10/4 kl 12 blir det avslutningsrenn på Telenorkarusellen på Turtagrø.
Dette blir eit cup/merkerenn med tidtaking og intervalstart.
Skigruppa held varm grill men ikkje grillmat.
Premiering til dei som deltek.
Skiskule v/Anders
Ein dag med smøring og teknikk/teori på skulen.
To dagar med praktisk øving i Hestahagen.
Tek litt tid å hente presentasjon, må ha PowerPoint eller PowerPoint viewer instalert på PC.
Årsmøte
18.februar 2011, kl 19.00 på Fortuna kafe.
Vanlege årsmøtesaker.
Eventuelle saker må vera styret i hende seinast 4. februar.
Servering.
Velkommen.
TURORIENTERING 2010
Me inviterar til premieutdeling
laurdag 5. februar kl. 14.00 i grendahuset i Fortun.
Kaffi, brus og kaker
Bordkonkuranse!
Denne dagen blir det og salg av kort for 2011.
BASAR
FORTUN GRENDAHUS
6. FEBRUAR KL 17.00
ÅRESAL OG SAL AV LODD PÅ BOK
INNTEKTENE GÅR TIL Å GJERE FERDIG LAGERBYGGET VED SKJOLDEN STADION
VELKOMMEN
Det er lagt is i ballbingen i Hestahagen
Det er køyrt opp 2km løype i Hestahagen
17.DESEMBER 2010
NISSEMARSJ MED FAKLAR FRÅ FJORDSTOVA KL 17.30. TRIMTUR OM BOLSTAD FOR DEI SOM VIL HA EIN LENGER TUR.
GLØGG OG PEPARKAKER FRÅ KL 18.30 TIL ALLE SOM KJEM PÅ FJORDSTOVA!
Velkommen
Julehelsing frå IL Fanaråk
Aktivitetskveld på Fjordstova
Måndag 29.11.10
I samarbeid med Luster IL arrangerer me aktivitetskveld på Fjordstova førstkommande måndag.
For gruppe 1 blir det leik og sangleik frå kl 17.30 – 18.30. Avslutning med peparkaker og saft.
Gruppe 2 og 3 har aktivitet frå 17.30 til 19.30. Her deler me inn i grupper så alle frå prøve aktivitetane bading, gymsal, klatring og skyting. Avslutning med peparkaker og saft.
For å få lov til å skyte må du vere 7 år og ha med deg ein vaksen. Ta med gymkle, innesko og badekle.
Velkommen!
Dette vert siste gongen med barneidrett før jul. Ynskjer alle velkommen på nyåret.
17. desember arrangerer IL Fanaråk gløggkveld på Fjordstova kl 18.30. Me startar 17.30 med nissemarsj med lys og faklar rundt Hauge. For dei som vil ha meir trim er det trimtur rundt Bolstad.
Korta for
turorienteringa 2010 er no i sal. Du kan kjøpe dei på Statoil Skjolden, Fortun
Bensinstasjon eller hos Svein Bjarne Steig. Nytt av året er fellesturar til
postane. Turane går til Helgedalsnosi på ski i april, ein rundtur til postane
Drægnismorki, Ruskesæte og Gjerseggi, Storatjødni og Dulsete og ein tur til
Skaputvatnet med fisking og grilling på bål. Følg med på heimesida for meir
informasjon.
Me hadde eit supert oppmøte på barneidrett hausten 09. Planen for vårhalvåret er no klar, du finn den her på heimesida under barneidrett. Som i haust treng me vaksne til å vere med desse kveldane. Flott om de gjev beskjed i god tid slik at me får organisert lista over kven som skal vere med. Det kan komme forandringar på planen, kom gjerne med gode innspel. Me avsluttar vårhalvåret med ein tur til Bergheim først i mai.
Barneidretten måndag 18. januar er flytta til Fjordstova kl 18.00. Der vil Tone ha turn med alle opp til og med 4. klasse. 5. - 7. klasse har bading i bassenget.
Turorientering 2009
Me ynskjer alle velkommen til premieutdeling for
turorienteringa 2009 laurdag 30.januar kl 14.00
på Fjordstova.
Det vert servert kaffi, brus og kaker. Ein kan
og kjøpe nye kort for 2010.
Dersom nokon har fine bilete frå nokre av
turane, send dei til Anders:
a-fortun@online.no
IL Fanaråk held basar i Fortun Grendahus søndag 7. februar kl
17.00. Inntekta går til idrettsskulen som starta opp no i haust. Dersom de
ynskjer å gje gåver til basaren vert det sett opp gåvekassar på butikkane i
Fortun og på Skjolden eller de kan ta kontakt med Evi eller Mona. Me byrjar
loddsalet på bøkene 23. januar. Velkommen!!
|