Her vil koma oppdatering etter kvart
Skipinga av laget:
IL.Fanaråk vart skipa den 4.november 1979, etter samanslåing av Fortun idrettslag, og Skjolden idrettslag. Den fyrste formann i laget var Ernst Veum.
IL Fanaråk er eit svært aktivt idrettslag, og står for nokre av dei flottaste arrangmang i landet. Dette gjeld Tinderittet (frå 1992) og Fanaråken Duathlon/Fanaråken Opp (sidan 2004). Dei har fotballbane i Skjolden, og elles disponerar dei ulike idrettstilbod i Fjordstova, som klatrevegg, styrkerom, gymsal, basseng, etc.. På fjellet har ansvaret for Songefjellet Sommarskisenter. I 2005 er dei tildelt NM i Fjelltelemark, som det fyrste i sitt slag nokon sinne.
Litt historikk:
Fortun idrettslag vart skipa den 28.desember 1929 med Karl Yttri som formann. Karl Yttri var ein idrettsintresert mann, så det var difor naturlig at det var han som vart den fyrste formann i laget. Møteboka viser at laget har vore aktivt fram til ca: 1955. Den 25.august 1961 vart laget restarta, med Einar Rauntun som formann. Etter dette var laget svert aktivt på mange område, som både ski og friidrett.
Skjolden idrettslag vart skipa 01-01-1926
Personar og resultat
IL.Fanaråk har hatt utøvarar i friidrett som har hevda seg heilt i toppen både på krinsplan og landsplan.
Me kan nemne navn som Inger Johanne Yttri, Tore Yttri, Arne Fortun, Stine Pedersen og Yngvar Andersen.
Tore Yttri var den fyrste frå IL.Fanaråk som deltok i NM. Han deltok på 400m under NM i Øvre Årdal i 1984,Sandnes i 1986 og Nesbyen i 1987 utan og koma til finalen.
Ellers er det vel Yngvar Andersen som har vore
det store navnet. Frå 1985 og til 1990 gjorde han nesten reint bord over alt
der han deltok. Han har 3 gull frå Donald-duck-leikane i diskos og kule, han
vart norgesmeister for ungdom i kule og
spyd i 1989, og diskos i 1990. Yngvar tok pause frå friidretten i 1991, men
gjorde komback i 1994, med og ta sølvmedalje i kule, og bronse i diskos under
junior-NM i Drammen. Yngvar er og den
einaste frå IL.Fanaråk som har representert Norge, han var med på det norske
laget i kule og diskos under nordisk juniorlandskamp i Finland. Etter dette har
han gått over til ein annan klubb.
Heiderspris
Me hadde i 1996 ein utøvar som fekk statuettklubbens heiderspris. Det
var Astrid Veum som har oppnådd denne store prestasjonen. Ho er den
einaste i laget som har fått denne prisen.
2001
Astrid Bertine Veum, Arne Fuglesteg og Kjartan Kvien fekk utdelt 25
årsplaketten for Turorientering på det ekstraordinære årsmøtet til IL. Fanaråk
jan. 2001.
Astrid har i tillegg til gullkravet gått på alle postane kvart år i 25 år.